Barn på sjukehus: Korleis kan sjukepleiar observere og vurdere teikn og symptom hos barn som kan vere utsatt for fysisk vold?
Bachelor thesis
Åpne
Permanent lenke
http://hdl.handle.net/11250/2454019Utgivelsesdato
2017Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Bachelor i sykepleie [516]
Sammendrag
Problemstilling
Barn på sjukehus: Korleis kan sjukepleiar observere og vurdere teikn og symptom hos barn som kan vere utsatt for fysisk vold?
Teoretisk perspektiv
Det teoretiske grunnlaget byggjer på kunnskap om lovverk, yrkesetiske retningslinjer og sjukepleiarens ansvar- og funksjonsområde. Vidare er det anvendt teori om fysisk vold mot barn, teikn og symptom på fysisk vold, samt konsekvensar av fysisk vold. Teorien tar også for seg barns psykososiale- og kognitive utvikling, kommunikasjon med barn og barn på sjukehus.
Metode
Metoden som er brukt er eit litteraturstudie som er basert relevante fagbøker, samt fag - og forskingslitteratur for belyse problemstillinga.
Drøfting
For å svare på problemstillinga basera drøftinga seg på teorien frå det sjukepleiarfaglege kunnskapsgrunnlaget og det teoretiske rammeverket. Det blir drøfta i den forbindelse om kunnskapen sjukepleiarar har om teikn og symptom på fysisk vold og handtering av mistanke på fysisk vold. Vidare blir det drøfta viktigheita om relasjonen mellom sjukepleiar og barnet, samt utfordring knytt til observasjon og vurdering av teikn og symptom på fysisk vold.
Konklusjon
Hovudfunna frå fag- og forskingslitteraturen er at det er mangel på kunnskap om teikn og symptom på fysisk vold blant sjukepleiarar. Vidare kjem det fram at det er fleire som ikkje melder i frå ved mistanke som indikera eit behov for auka kompetansenivå og at kunnskapen i større grad må integrerast i sjukepleiarutdanninga. Det kjem også fram i oppgåva at sjukepleiaren møter på mange utfordringar knytt til observasjon og vurdering av teikn og symptom på fysisk vold. Blant anna at foreldra som kan ha utøvd volden er til stades eller at barnet prøver å skjule sanninga frå omverden. Her er det viktig å skape tillit og god relasjons til barnet, samt å ikkje fråvike frå god yrkesetikk.