Vis enkel innførsel

dc.date.accessioned2021-06-25T08:21:36Z
dc.date.available2021-06-25T08:21:36Z
dc.date.issued2021
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/2761296
dc.description.abstractProblemstilling Korleis kan sjukepleiar bidra til optimal tilheling gjennom å utføre lokal sårbehandling til pasientar i heimesjukepleien med kroniske venøse leggsår? Teoretisk perspektiv Det teoretiske grunnlaget inkluderar kunnskap om venøs sårdannelse, kroniske venøse leggsår og lokale helingshemmande faktorar. Det foreligger vidare ein gjennomgang av lokale sårbehandlingsprinsipper, samt vurdering og dokumentasjon av sår. Sjukepleiar sin behandlande funksjon og kliniske kompetanse blir gjort rede for, og vidare blir heimesjukepleiekonteksten omtalt. Til slutt følgjer relevante juridiske og etiske perspektiver. Metode Dette er ei litterær oppgåve. Det er benytta eksisterande fag- og forskingslitteratur, klinisk erfaring, samt offisielle retningslinjer og lovverk, for å belyse problemstillinga. Faglitteraturen er henta frå Lovisenberg diakonale høgskole sin noværande og tidlegare pensumlitteratur, samt høgskulens bibliotek. Forskingslitteraturen er funnet via strukturerte søk i relevante databasar. Oppgåva sine hovudartiklar er funnet i CINAHL. Drøfting Oppgåva sitt teoretiske grunnlag blir drøfta i lag med funn frå anvendt forskingslitteratur for å besvare oppgåva si problemstilling. Først blir det diskutert korleis TIMES-rammeverket kan bidra til strukturert sårvurdering. Vidare blir det drøfta korleis lokal sårbehandling bør utførast for å optimalisere tilheling av kroniske venøse leggsår. Til slutt blir det så diskutert kva slags grad av kompetanse sjukepleiar i heimesjukepleien må ha for å utføre skarp debridering, sett i lys av faglege, etiske og juridiske perspektiver. Konklusjon I avslutninga blir sentrale momenter frå drøftinga oppsummert. Det er vist at TIMES kan bidra til strukturert sårvurdering og fasilitere for sårtilheling. Vidare er det funnet at springvatn er trygt og hensiktsmessig å bruke i reingjering og irrigasjon av sår i heimesjukepleien. Skarp debridering stimulerar tilheling og er funnet for å vere meir gunstig enn mekanisk debridering. Fuktigheitsbevarande tilheling kan stimulerast gjennom bruk av okklusjonsbandasjar, hydrogel og gunstig sårskiftsfrekvens. Sjukepleiar i heimesjukepleien kan utføre skarp debridering av ukompliserte kroniske venøse leggsår så lenge krav om forsvarlegheit er overholdt.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectTrykksåren_US
dc.titleLokal sårbehandling av kroniske venøse leggsåren_US
dc.typeBachelor thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel