Vis enkel innførsel

dc.date.accessioned2018-06-25T11:56:03Z
dc.date.available2018-06-25T11:56:03Z
dc.date.issued2018
dc.identifier.urihttp://hdl.handle.net/11250/2502851
dc.description.abstractProblemstilling Korleis kan sjukepleiarar ivareta ungdom som pårørande med ein kreftsjuk forelder? Teoretisk perspektiv Joyce Travelbee sin teori om etablering av eit menneske-til-menneske forhold ligg til grunn for det teoretiske rammeverket i oppgåva. Den tar òg sikte på det å vere ungdom som pårørande, generelt om kreft og sjukepleiaren si rolle i møte med dei unge. Metode Metoden er litteraturstudie. Litteraturstudie er bygd opp av eksisterande og aktuell kunnskap frå andre skriftlege kjelder, som forskingsartiklar med systematiske observasjonar. Det er nytta relevant pensum, fag- og forskingslitteratur for å belyse problemstillinga. Artiklane som er nytta i oppgåva er funne via Cinahl, Sykepleien forsking og PubMed. IMRAD struktur er nytta for å sikre kvaliteten på forskningsartiklane. Drøfting Drøftinga får fram kva erfaringar dei unge har og har hatt til helsepersonell, venner og familie når dei har ein kreftsjuk forelder som er innlagt. Den går òg inn på ungdommen sitt behov for tilstrekkeleg informasjon, samt sjukepleiaren sitt møte med pårørande. Dette er med på å svare på problemstillinga for oppgåva. Konklusjon For å ivareta ungdom som pårørande til ein kreftsjuk forelder er kunnskap og kompetanse essensielt for at sjukepleiarar skal lukkast i møte med ungdom som pårørande. Funna i litteraturstudiane framhevar dette behovet. Det er også viktig å halde seg oppdatert på korleis ein kan gje dei unge pårørande best mogeleg stønad og oppfølging basert på ungdomen sine livserfaringar. Kommunikasjon og informasjon er òg ein viktig suksessfaktor for at unge skal forstå situasjonen dei står opp i. Funna i oppgåva syner manglar her, og viser derfor til at kommunikasjon og informasjon frå sjukepleiarar er viktig i situasjonar der ungdom er pårørande.nb_NO
dc.language.isonnonb_NO
dc.rightsAttribution-NonCommercial 4.0 International (CC BY-NC 4.0)*
dc.rights.urihttps://creativecommons.org/licenses/by-nc/4.0/
dc.subjectFamilienb_NO
dc.subjectKreftnb_NO
dc.subjectUngdomnb_NO
dc.subjectKommunikasjonnb_NO
dc.subjectSykepleier-pasient-relasjonernb_NO
dc.titleUngdom som pårørandenb_NO
dc.typeBachelor thesisnb_NO
cristin.fulltext


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel

Attribution-NonCommercial 4.0 International (CC BY-NC 4.0)
Med mindre annet er angitt, så er denne innførselen lisensiert som Attribution-NonCommercial 4.0 International (CC BY-NC 4.0)