Identifisering av sepsis hos postoperative pasientar
Bachelor thesis

View/ Open
Date
2019Metadata
Show full item recordCollections
- Bachelor i sykepleie [516]
Abstract
Problemstilling
Korleis kan sjukepleiaren identifisere sepsis hos vaksne postoperative pasientar ved hjelp av kartleggingsverktøy?
Teoretisk perspektiv
I det teoretiske rammeverket presenterast teori på kva sepsis er og definisjonskriteria. Deretter kjem postoperative komplikasjonar, før tiltakspakka frå Helsedirektoratet blir lagt fram. Vidare kjem kartleggingsverktøya ABCDE, qSOFA og NEWS2, og så sjukepleiaren sin funksjon. Til slutt vil relevant etikk og lovverk bli lagt fram.
Metode
Oppgåva si metode er ei litteræroppgåve, som byggjer på forsking, faglitteratur og brukarkunnskap. Metodedelen vil leggje fram korleis eg fann valt litteratur. Dette gjennom å forklare søkjeord, framgangsmåte for litteratursøk, inklusjon- og eksklusjonskriterier, samt val av litteratur. Kjeldekritikk blir også omtalt.
Drøfting
Drøftinga tar for seg korleis sjukepleiar kan identifisere sepsis hos vaksne postoperative pasientar gjennom fokus på observasjon og kunnskap. Og korleis sjukepleiaren skal ta i bruk kartleggingsverktøya, utfordringar med dette og behovet for opplæring. Etiske og juridiske perspektiv blir inkludert fleire steder i drøftinga.
Konklusjon
Konklusjonen oppsummerer dei viktigaste punkta og forsøker å svare konkret på problemstillinga med funn i både forsking og teori. Sjukepleiar står i ei særskilt posisjon for å kunne identifisere sepsis. Kartleggingsverktøy kan hjelpe sjukepleiaren med å identifisere sepsis, systematisere funn og prioritere tiltak.