Identifisering av sepsis hos eldre
Bachelor thesis
View/ Open
Date
2022Metadata
Show full item recordCollections
- Bachelor i sykepleie [516]
Abstract
Problemstilling
«Korleis kan kartleggingsverktøy og klinisk kompetanse bidra til tidleg identifisering av sepsis hos eldre i akuttmottak?»
Teoretisk perspektiv
Oppgåva baserar seg på forsking og fagkunnskap knytt til sepsis, kartleggingsverktøy, den eldre pasienten og sjukepleiaren sin kliniske kompetanse. Lovverk og yrkesetiske retningslinjer som regulerer sjukepleieutøvinga, presenterast også. Teoretikaren Patricia Benner er sentral for oppgåva i forbinding med sjukepleiaren sin klinisk kompetanse.
Metode
Dette er ein systematisk litteraturstudie som baserer seg på data frå allereie eksisterande litteratur, forsking og fagkunnskap. Studien tek for seg seks ulike forskingsartiklar funnet i databasane PubMed, CINAHL og Idunn. Forskingsartiklane består av både kvantitativt- og kvalitativt design.
Drøfting
I drøftingskapitlet blir funna frå forskingsartiklane diskutert, og argument og synspunkt underbyggast med relevant litteratur, juridisk og etisk kunnskap, samt erfaringar frå praksis. Dette med utgangspunkt for å svare på korleis sjukepleiaren tidleg kan identifisere sepsis hos eldre i akuttmottak ved hjelp av kartleggingsverktøy og klinisk kompetanse.
Konklusjon
Kartleggingsverktøy har avgrensa effekt på eldre, og det er dermed viktig at sjukepleiaren har kunnskap om aldringsprosessen og om eldre sine atypiske symptom og teikn på sepsis, for å kunne avdekke forverring i pasienten sin tilstand. Sjølv om studiar viste at kartleggingsverktøy hadde effekt når det kom til å identifisere sepsis hos eldre, ser eg nødvendigheita av å utarbeide nye kartleggingsverktøy tilpassa den eldre pasienten med atypiske symptom. Sjukepleiaren sin kliniske kompetanse kan, i tillegg til kartleggingsverktøy, bidra til at den eldre med sepsis blir identifisert, ved at klinisk kompetanse kan avdekke det kartleggingsverktøya ikkje fangar opp. Vidare er det viktig at sjukepleiaren er bevisst på sine haldningar til eldre, då det viser seg at negative haldningar til eldre i akuttmottak, kan bidra til å hindre sepsisidentifisering. Samtidig kan det vere ein idé å innføre simulering og workshops i sjukepleieutdanninga og på arbeidsplassen, då desse bidrog til positive pasientresultat.