Vis enkel innførsel

dc.date.accessioned2023-07-27T10:42:40Z
dc.date.available2023-07-27T10:42:40Z
dc.date.issued2023
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3081600
dc.description.abstractInnleiing: I innleiinga førekjem det ei beskriving bak demens og livskvalitet som vald tema, samt kva sjukepleiefagleg relevans det har. Det føreligg også ein presentasjon av problemstillinga som er: ”Korleis kan bruken av sansehage bidra til å auke livskvaliteten hos personar med demens?” Vidare kjem det teoretiske kunnskapsgrunnlaget som mellom anna omhandlar demens, livskvalitet, sansestimuli, miljøbehandling, sansehage og personsentrert omsorg som forkunnskap til diskusjonsdelen. Metode: Dette er ei litteraturstudie, som vil sei det er nytta data frå allereie eksisterande fagkunnskap, forsking og teori. For å svare på problemstillinga, vert det nytta grunnleggjande teori, fag- og forskingslitteratur, praksiserfaringar, yrkesetiske retningslinjer og aktuelle lovverk. Det blir anvendt fire fagfellevurderte forskingsartiklar, henta gjennom strukturert litteratursøk i databasen CINAHL. Resultat: Resultat av denne oppgåva har samla sett eit positivt syn på at sansehage kan vere med å verke inn på livskvalitet hos personar med demens. Dette er sett i lys av funn i forsking og teori om miljøbehandling sin effekt på meistring, sosiale relasjonar og den meiningsfulle kvardag. Det kom også konkrete tal i forhold til korleis bruken av sansehage påverka livskvalitet, agitasjon og depresjon i anvendte forskingsartiklar. Diskusjon: For å svare på problemstillinga i oppgåva er det i diskusjonen nytta evidens frå forskingsartiklar underbygd av teoretiske, etiske og juridiske aspekter. På bakgrunn av funna vert det diskutert tema som til dømes betydninga av bruken av sansehage, der det blir tatt opp meiningsfulle og positive faktorar ved denne type miljøterapi. Det vert også drøfta utfordringar ved bruk av sansehage som kan førekomme. Dette er mellom anna mangel på ressursar og værforhold, som kan hindre bebuarar i å nytte hagen. Til slutt vert det diskutert føresetnadar for bruk, som seier noko om korleis nytte sansehage for å få ein positiv effekt. Diskusjonen vert knytta opp mot teorien om personsentrert sjukepleie.en_US
dc.language.isonnoen_US
dc.subjectLivskvaliteten_US
dc.subjectDemensen_US
dc.subjectMiljøen_US
dc.titleLivskvalitet og demensen_US
dc.typeBachelor thesisen_US


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel