dc.description.abstract | Problemstilling
Korleis kan sjukepleiar gjennom informasjon forberede pasienten på mogleg post infarkt depresjon. Depresjon etter eit hjarteinfarkt er svært vanlig, og rammar opptil 45% av pasientane. Likevel ser ein at pasientane i stor grad ikkje blir informerte rundt dette temaet. Hensikta med denne studia er å kartleggje korleis sjukepleiar kan forberede pasienten på post infarkt depresjon. Det vil eg gjere ved å utforske dei forskjellige hindringane som ligg i vegen. Vi veit at tidsklemma er ein av grunnane til at informasjon generelt sett ikkje blir gitt frå sjukepleiar til pasient, men er her fleire grunnar?
Metode
Kvalitativ litteraturstudie. Eg har utført artikkelsøk i Cinahl, og velt ut ti artiklar. Desse representera både det kvantitative og kvalitative perspektivet på informasjonsbehovet til hjarteinfarkt pasientane.
Teoretisk perspektiv
Benner og Wrubels teori om stress og mestring, den didaktiske relasjonsmodellen, Cullbergs kriseteori, det holistiske menneskjesynet og empowerment. Eg har og generell teori om hjarteinfarkt, depresjon, lovverk, kommunikasjon til akutt sjuke og dei yrkesetiske retningslinjene.
Drøfting
Det kjem fram at der er fleire aktuelle problemområder som går utover pasientens informasjonsgrunnlag. Vi ser at samhandlingsreforma aukar tidspresset, sjukepleiarane har ikkje nok kunnskap kring prevalens av depresjon etter hjarteinfarkt, og at pasientanes grunnlag for å forstå og ta innover seg gitt informasjon variera i stor grad.
Konklusjon
Konklusjonen blir at der er eit hol i informasjonsfordelinga til pasientane. Gjennom forskinga kjem det fram at pasientane ikkje for nok informasjon, og at sjukepleiaren ikkje har tid/ er trygge nok til å informere pasientane kring depresjon. Dette er eit stort problem. Likevel ser ein at det å skulle lage ein mal eller ei prosedyre for denne pasientgruppa er vanskeleg. Pasientane er i ulike krisefasar, har forskjellige meistringsresursar og behov.
Nøkkelord:
Hjarteinfarkt, Depresjon, Sjukepleiar, Informasjon, Tid | nb_NO |