Ungdom som pårørande
Bachelor thesis

View/ Open
Date
2018Metadata
Show full item recordCollections
- Bachelor i sykepleie [516]
Abstract
Problemstilling
Korleis kan sjukepleiarar ivareta ungdom som pårørande med ein kreftsjuk forelder?
Teoretisk perspektiv
Joyce Travelbee sin teori om etablering av eit menneske-til-menneske forhold ligg til grunn for det teoretiske rammeverket i oppgåva. Den tar òg sikte på det å vere ungdom som pårørande, generelt om kreft og sjukepleiaren si rolle i møte med dei unge.
Metode
Metoden er litteraturstudie. Litteraturstudie er bygd opp av eksisterande og aktuell kunnskap frå andre skriftlege kjelder, som forskingsartiklar med systematiske observasjonar. Det er nytta relevant pensum, fag- og forskingslitteratur for å belyse problemstillinga. Artiklane som er nytta i oppgåva er funne via Cinahl, Sykepleien forsking og PubMed. IMRAD struktur er nytta for å sikre kvaliteten på forskningsartiklane.
Drøfting
Drøftinga får fram kva erfaringar dei unge har og har hatt til helsepersonell, venner og familie når dei har ein kreftsjuk forelder som er innlagt. Den går òg inn på ungdommen sitt behov for tilstrekkeleg informasjon, samt sjukepleiaren sitt møte med pårørande. Dette er med på å svare på problemstillinga for oppgåva.
Konklusjon
For å ivareta ungdom som pårørande til ein kreftsjuk forelder er kunnskap og kompetanse essensielt for at sjukepleiarar skal lukkast i møte med ungdom som pårørande. Funna i litteraturstudiane framhevar dette behovet. Det er også viktig å halde seg oppdatert på korleis ein kan gje dei unge pårørande best mogeleg stønad og oppfølging basert på ungdomen sine livserfaringar.
Kommunikasjon og informasjon er òg ein viktig suksessfaktor for at unge skal forstå situasjonen dei står opp i. Funna i oppgåva syner manglar her, og viser derfor til at kommunikasjon og informasjon frå sjukepleiarar er viktig i situasjonar der ungdom er pårørande.